I dag er datamaskiner, mobiltelefonar og andre smarte einingar sikrare enn dei nokosinne har vore før. Uansett om du køyrer Windows, MacOS, Android eller Linux er du sikra av innebygde funksjonar som vernar deg frå den skumle omverda. Det tyder diverre ikkje at kampen mellom ”det gode og det onde” er over, snarare tvert om! Det er eit evig kappløp mellom utviklarar og hackarar, virus og antivirus, personvern og stolen identitet – og bandittane blir heile tida litt sleipare.

Det som er verdt å tenkje på, er at så godt som all skadeleg programvare blir installert av brukaren sjølv. Det må rett og slett eit ”klikk” til for å starte elendigheten, og skurkane sitt største fokus er å få deg til å klikke på noko du ikkje burde ha klikka på. I dagens kvardag av ”falske nyhende” er det vanskelegare enn nokon gong å skilje fakta frå fiksjon.


Er det for godt til å vera sant?

Då er det truleg nettopp det. Har du vunne den nyaste smarttelefonen? Ein stor pengepremie? Ein smart-TV? Kanskje ein ny spelkonsoll? Eller kanskje arva ein ukjent slektning i Uganda? Du har nok ikkje det. Her er eit typisk døme på nettfiske (phishing), der ein aktør som gjev seg ut for å vere Elkjøp fører deg til ei side der du må oppgje namn, adresse – og kredittkortinformasjon.

[spacer height=»20 px»]

Avsendaradressa er litt snodig, kanskje avsendaren har fått ny nettside?

Neppe. Det er heller sannsynleg at e-posten er sendt frå eit anna domene for å omgå spamfilteret ditt. Som du ser i eksempelet her kjem e-posten frå telnor.com – ikkje frå telenor.com. Ein viktig forskjell. Sjå nøye etter på avsendaradressa!

[spacer height=»20px»]

Er det trygt å klikke på lenkjer?

Her er ingen klare svar. Det kan derimot hjelpe å halde musepeikaren over lenkja for å få ein førehandsvisning. Som du ser på eksempelet har creators-cafe.jp svært lite med PostNord å gjera. Og forresten: Du ventar vel eigentleg ikkje nokon pakke frå Danmark uansett?

[spacer height=»20px»]

Er ikkje det der litt dårleg norsk?

Hald auga oppe for «google-norsk». Dei fleste norskspråklege variantane er oversett med automatiske tenester, og sjølv om desse stadig blir betre dukkar det fort opp litt uheldige variantar. Til dømes er ”Utsikt faktura” eit typisk ord-for-ord av ”View invoice”.

[spacer height=»20px»]

Ver alltid skeptisk til avsendarar og nettsider du ikke kjenner til! Ikkje gje ut personlege opplysningar om du ikkje er heilt sikker på kven motparten er, og ikkje opne filer du ikkje veit kva er. Ta eit steg tilbake, tenk deg om, kontakt gjerne avsendar eller andre som kan hjelpe deg!